cover

Return to The Sea

Islands

CD (2006) - Rough Trade / Voices Music & Entertainment (VME)

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Indierock / Poprock / Indiepop

Spor:
Swans (Life After Death)
Humans
Don't Call Me Whitney, Bobby
Rough Gem
Tsuxiit
Where There's a Will There's a Whalebone
Jogging Gorgeous Summer
Volcanoes
If
Ones

Referanser:
Modest Mouse
Arcade Fire
The Flaming Lips
Neutral Milk Hotel
Wolf Parade
Atom & His Package
Why?
The Unicorns

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Tut tut, dar kjem dampen, gamle dampen

Fargerikt og livgjevande popfyrverkeri av duoen Diamonds og Tambeur samt ein skokk med gjestar. Ein munter klassikar frå fjorårets kartotek.

Dampen vi snakkar om i dette tilfellet er den kanadiske popskuta Islands, som med Return to the Sea gav ut det mange påstod var blant det beste frå 2006.

Med det snurrige pop-ensemblet The Unicorns under torva tok Nick Diamonds og J'aime Tambeur affære og starta Islands. All ære til gamle einhjørningar, men det blei nok litt for masse karnevalfjas for min smak. Det er gledeleg i så måte at Islands er meir melodifokusert, låtane har fått meir fylde og blitt meir levande enn låtane dette andre bandet komponerte for knappe 4 år sidan. Det betyr ikkje at Return to the Sea er ei humørfri deppeplate, langt der i frå. Mykje av det beste frå Unicorns er nemleg høgst levande.

Det forblåste og iskalde coverbildet, som er signert den tyske 1800-tallsmalaren Caspar David Friedrich, forlengar den maritime terminologien som ligg som ei bølgje rundt bandet. Kvifor akkurat dette er tilfellet kan nok ha eit hav (hjelpe meg) av forskjellige årsaker, men i alle fall fungerar det godt til å bygge vidare mi tekst.

For som ein Noas ark lasta med musikalsk gull og myrra kjem albumet mot oss, med alle sine vindskeive horn, trommerytmer og blåsarar, ba-ba-ba-ba-ba, sedate strykarar og skrullete synthar, dansande korpsmusikk, brunfarga hulahula-jenter og Harry Belafonte-rytmer. Den som leitar finn nok også noko Brian Wilson inne i mellom.

Islands pumpar ut si underhaldning porsjonsvis; her finn ein glade menneske, her finn ein leik, moro, allsong og glad banalitet som får pensjonistar til å kaste skakkøyrte bein ut i dansen og ekshibisjonistar til å kaste trøya. Storparten av låtane tek mange underfundige og frekke vendingar, der harmoniane kjem uventa på ein, humoren sitt laust og entusiasmen formeleg boblar ut av høgtalarane.

Mykje av denne rotete, halvnaive og psykedeliske pop-elegansen er som snytt ut av Elephant 6-miljøet. At også Islands har sine kanadiske venner/innflytelsar i Arcade Fire og Wolf Parade (medlemmar frå begge band deltek på skiva) er openbart, og sjølv om Return to the Sea er litt som lettpoppa popkorn i forhold til desse to, plantar den likevel baken ned ein stad i midten mellom Funeral og Apologies to the Queen Mary.

Det er ingen svake spor i sikte, men som på dei beste album er det nokre enkeltdeler som fører heilheita opp til monumentale høgder. Kjendishymna Don't Call Me Whitney, Bobby har både jenka og kardemomme by i seg, det pop-progressive instrumentalsporet Tsuxit kjennest ut som ein halvrusa tur til himmelriket der du oppdagar at festen du byrja på der nede lett kan fortsette der oppe. Fantastisk er også det dansbare fyrverkeriet Rough Gem med sine svingande bongorytmer, enorme synthforbruk og energiske sang.

Meir rocka tilskot som When There's a Will og Swans (Life After Death), slår meg også som ultraherleg, bortsett frå at førstnemnte har ein innlagt rap som kjennest ut som noko verdas verste flinkisband Primus kunne ha hosta opp. Akkurat der har nok tøyset bevegd seg over på feil side av gøy, men eg tenker nok vi kan sjå på det som unntaket som bekreftar regelen.

Det blei sendt ut ei pressemelding like etter denne utgjevinga om at J'aime Tambeur hadde forlatt bandet. Man får håpe at dette ikkje medfører at Islands stopper opp med sitt eine album. For dette vil vi ha meir av. Korreksjon, dette må vi ha meir av. Ei av fjorårets beste skiver? Utvilsamt.

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

MUSIKERE SØKES TIL POP-ROCK-...
29.08.14 - 10:51

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: