cover

Apple Bite

XTC

CD (2005) - Idea / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Pop / Poprock

Spor:
Spiral
Say It
Easter Theatre
Frivolous Tonight
Greenman
Stupidly Happy
In Another Life
The Wheel and the Maypole

Referanser:
The Beatles
The Kinks
Squeeze
The Dukes Of Stratosphear

Vis flere data

Se også:
Skylarking - XTC (1986)
Homespun - XTC (1999)

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Ein mimreutløysande eplebit

Poptonen deira er kanskje litt spakare no for tida, men du verden for nokre minner dette triggar.

Det er i slike tilfeller ein blir kraftig minna på at ungdomstida visstnok ikkje var i går likevel. Til daglig går ein her og innbillar seg at pensjonist-tilværet ligg langt, langt fram i tid. Så får ein smake på ein liten bit av dei gode gamle kompisane i XTC sine siste musikalske bravadar, og byrjar å tenke tilbake. Aaahh, ein treng ikkje søkje langt inn i hukommelsen sine kammer før ein finn nokre skikkelig vitale toneminner.

Eg trur det må ha vore på det for lengst pensjonerte radioprogrammet Pop Spesial eg høyrde låta første gongen. Bandet sitt namn blei ein smule upresist notert som Ecstasy, men låta heitte utan tvil This Is Pop? (med spørjeteikn ja, skulle eg finne ut seinare). Den vart ganske fort ein av dei viktigaste låtane i underteikna sin transformasjon frå fersk tenåring til ikkje fullt så fersk tenåring, frå uskylda og Living Next Door to Alice til dei bitre erfaringane og Love Will Tear Us Apart. Den stilte det same spørsmålet eg hadde fått slengt etter meg mange gonger; "What do you call that noise that you put on?". Og den gav det essensielle svaret "This is pop, yeah yeah".

Året var 1978. Eit kjapt reknestykke seier meg at det er 28 år sidan. Eit ikkje fullt så kjapt reknestykke seier meg at det er mindre enn det til pensjonist-tilværet kjem snikande. Og her står eg framleis og gaular på den same strofa.

Vel, det gjer visst Andy også. Og Colin.

Ein gong var dei ein kvartett, men no er dei berre to. Andy Partridge og Colin Moulding. Låtskrivarane, songarane, gitaristen og bassisten, drivkreftene. Då dei med popfiksert punkglød for alvor fyrte opp på tampen av 1977 var det frenetiske orgeldrivet til Barry Andrews også ein sentral faktor. Debutalbumet White Music er meloditett og nervøs nybølgjete spasmepop av det komplett uimotståelige slaget. Oppfølgjaren Go 2 er meir av det same, men kanskje med litt mindre ressurssterke melodiløysingar. Så sa Andrews takk for seg, og gitaristen Dave Gregory tok plassen hans.

Det er tid for Making Plans For Nigel. Endå ein av det seine syttitalet sine klassiske låtar. Trommelyden til Terry Chambers veks litt, gitarlyden blir skarpare, mens den ultraenergiske framferda frå dei to første platene blir justert litt ned. Fleire XTC signerte album kjenneteikna av melodisk spenst, men også tidvis intrikate vegval, dukka opp utover åttitalet. Beatlesk new wave, gjort i ein djupt engelsk tradisjon.

I 1986 vart den utspekulerte tonesjongløren Todd Rundgren med XTC i studio. Resultatet fekk tittelen Skylarking og er, ved sida av debuten, bandet si sterkaste plate. Leiken og elegant kolorert pop-psykedelia. Etter denne roa dei ned. Det tok lengre tid mellom utgjevingane, og popkrafta vart også noko spakare. Dermed sklei dei sakte men sikkert utav fokus, og etterlot seg plassen på den sentrale delen av popscena til namn som The Posies, Matthew Sweet og Teenage Fanclub.

Facts: Det har ikkje komme nytt materiale frå XTC sidan dei rundt årtusenskiftet gav ut albuma Apple Venus, pt. 1 og Wasp Star (Apple Venus, pt. 2). I fjor vart desse to platene samla i ein Apple Box, der dei også fekk selskap av ein del demo-innspelingar. Frå denne har dei så plukka 6 spor samt plussa på med to nye. Og vips, så har vi den dryge halvtime-lange aperitiffen Apple Bite.

Det er vel ingen overrasking akkurat, men bruken av Apple-namnet her har nok langt fleire knytepunkt mot ein legendarisk Liverpool-kvartett enn mot eit visst datamaskin-merke. I det heile er det vel lite med overraskingar her. Dei opererer innafor sitt utprøvde univers, og dei kan sitt handverk. Her er låtar som kitlar og pirrar litt sånn i forbifarten, men som i det store biletet nok ikkje gjer så mykje meir enn å rette merksemda mot ei tid som var.

Det er Andy Partridge sitt namn ein i første omgang forbind med XTC, men ein skal ikkje gløyme at fleire av dei beste låtane til bandet er det Colin Moulding som står bak (Making Plans For Nigel, Ten Feet Tall, Grass). Av dei to heilt nye låtane her kjem også Colin sin mjuke, velstelte og veldig engelske Say It langt betre frå det enn Andy sin noko forserte og standardiserte Spiral. Men aller best er Colin sin festlige In Another Life. Her han med velkjent engelsk innstilling, både i tonar og ord, ser seg sjølv som ein meir framgangsrik elskar i eit anna liv. Partridge sin orkestrale og monumentale, men likevel opne og rytmisk lettbeinte Greenman driv også fram i fertile former. Mens same mann med ei låt som Stupidly Happy har skapt ein riffbasert parantes som er artig sånn cirka tre gonger.

Så sjølv om XTC stadig drar fram tonar ein kan kjenne seg vel i hop med, er dei nok ikkje lenger heilt kva dei var. Ikkje dei heller.

comments powered by Disqus

 



roger
2007-11-15

Har ikke denne (Apple Bite). Men jeg har Apple Box og da trenger jeg vel strengt tatt ikke denne. Ved å kjøpe Apple Box får du også en kode så du kan laste ned lovlig! 'Say it' og 'Spiral' fra nettet. (Glad jeg ikke gikk i fella og ble platesamler!!)

Man bør skaffe seg alt annet med XTC, selvfølgelig inkl. Dukes of Stratosphere, før man skaffer seg denne.

Jeg stiftet først bekjentskap med XTC da jeg kjøpte Black Sea da den kom ut. Jeg syntes det var en meget bra plate. Og et glimrende lite band.

Så gikk de litt i glemmeboka helt til Skylarking kom. Et fantastisk album med et bra band.

Kjøpte deretter Oranges & Lemons, som skuffet litt og igjen glemte jeg XTC mer eller mindre. Tok den frem igjen etter noen år etter en del diskusjoner på nettet og likte den plutselig veldig bra. Kjøpte så Nunsuch og Apple Box og ble helfrelst! Verdens mest undervurderte band.

Og legger du bort nostagi-faktoren er de faktisk blitt bedre til det aller meste siden 70-tallet. Bedre tekster, bedre melodier, de synger bedre og spiller bedre fra mid-80tallet og ut.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


KRAMPE - eller hvordan en snarvei førte til at du gikk deg vill i skogen

Fortellingen om progressiv rock er fortellingen om en utvikling. Dens historikk har ingen egentlig begynnelse eller slutt., men heller er det en påpekelse av interne faser i en bestemt musikkstil.

Podium

Hovedsiden / Siste:

Tips på webbplatser med raba...
21.06.17 - 19:33

Vokalist søker metall/rockeb...
16.06.17 - 14:56

Jeg anbefaler The Book...
22.02.17 - 09:18

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo