cover

The Calling

Alex Harding & Blutopia

CD (2006) - Jazzaway / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Jazz

Stiler:
Frijazz / Hardbop / Blues / Gospel

Spor:
The Calling
Cultural Warrior
Quirky
Spirit Take My Hand
Estonia
Sketch
Southern Dawn
Blast
Shades of Ellegua

Referanser:
Lucian Ban & Asymmetry

Vis flere data

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Saksofonlykke

Vellukka fusjon av amerikansk og europeisk jazz.

Lucian Ban er ute på plate nummer to på Jazzaway. Ikkje som orkesterleiar denne gongen, men som medlem av Alex Harding sitt Blutopia. Desse to har samarbeida gjennom eit par år og utfyllar kvarandre på fin måte. Harding som bluesy og rå bariton-saxofonist, og Ban som smakfull og teknisk briljant pianist. I motsetning til den førre plata med Lucian Ban (& Asymmetry) er denne plata mykje meir dynamisk og variert. Til dels eit resultat av skilnadane mellom dei nemnte musikarane.

Det heile vert varsamt pusta i gong av Harding som snart utviklar ein orientalsk sound i lag med Andrew Daniels på perkusjon. Lucian Ban bind det heile saman med modale progresjonar og gjev oss eit inntrykk av kva som ventar. For etter halvanna minutt med sjelfullt samspel, set Harding i gong ei modal linje som like gjerne kunne vore ei låt av Møster og Co. i The Core. Rytmeseksjonen med Brad Jones på bass og Nasheet Waits på trommer fungerar utmerka og det er fullt køyr heilt til låta feidar ut.

I tradisjon med klassisk plateoppbygging, kjem det ein ballade etter det forrykande førstenummeret. I Cultural Warrior spelar Harding med utruleg innleving og den voggande stemninga som ligg over låta suggererar meg inn i ein nesten meditativ tilstand. Både Ban og Jones får vist seg som erfarne og spanande solistar. Det er interessant å høyre skilnadane på Harding som amerikanar og Ban som europear. Utan at dei begge er typiske representantar for kvar sin verdsdel, kan ein høyre den meir konservative amerikanske stilen versus den meir frie og individuelle europeiske stilen. Når dette er sagt, er Harding omtykt i amerikanske magasin, som til dømes Down Beat, som ein fornyar av den amerikanske jazzen. Sånn sett er det ikkje rart at Alex Harding gir ut plate på eit norsk plateselskap.

Quirky er ein frijazz-låt underteikna Lucian Ban. Som komponist av majoriteten av spora på plata viser han igjen (Asymmetry) at han er i toppen som skapar av moderne jazz. Det er med stor glede å komme halvvegs i plata, ikkje for at den snart er ferdig, men for der kommer Spirit Take My Hand (dedisert til Harding si bestemor). Plata skiftar sjanger frå jazz til gospel; Ban nyttar dei klassiske gospeltriksa, og Harding føl opp med bluesy og råe fraseringar med sjel bak kvar ein tone. Dei heile vert avslutta av at Harding i ei massiv utblåsing overlet ansvaret til rytmeseksjonen som rockar den sakte ut.

Andre halvdel er like god som første og byr på meir gospel og blues, men og energisk moderne jazz og post-boppete linjer. På to av spora finn Harding fram bassklarinetten og viser at den kunne like godt vore hovudinstrumentet hans. I det heile teke ei original plate med sterke låtar frå ei gruppe i etableringsfasen av eigen sound.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Vidar Sandbeck - En fergemanns vise

(Normann)

En av de viktigste populærmusikkhistoriske arkivutgivelser på lang tid.

Flere:

The Core & Nils Olav Johansen - Blue Sky
This Is Music Inc. - Krasnapolis