cover

Here's My Song

Nicolai Dunger

CD (2004) - Dolores / Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folkrock / Soul / Blues / Visepop

Spor:
My Time is Now
Hunger
Slaves (We're Together Like)
Someone New
White Wild Horses
Tell Me
Country Lane
Way Up High
The Year of the Love and Hurt Cycle
Harp's Coming In
...And Falling Out

Referanser:
Roky Erickson
Ed Harcourt
Christian Kjellvander
Tim Buckley
Will Oldham

Vis flere data

Se også:
Tranquil isolation - Nicolai Dunger (2002)

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


'Årets utflyttade Piteåbo'

Nicolai Dunger er ein etablert svensk visesanger som skaper fyrverkeri på sitt niande album.

Nicolai Dunger er ein uvanleg produktiv, og ikkje minst talentfull kille frå Piteå i Nord-Sverige. Here's My Song markerar likegodt hans niande(!) album frå og med debutplata Songs Wearing Clothes som kom på markedet i 1996. Om det er så smart av ein artist å pøse ut med ei rekkje album på denne måten kan nok diskuterast lenge. Ofte kan nok iveren etter å gi ut plater gå på bekostning av det musikalske innhaldet. Likevel ser det ikkje ut som om Nicolai Dunger har tatt særleg skade av dette, snarare tvert om. Sjølv om undertegnede kun har hatt direkte kjennskap til ein brøkdel av diskografien, framstår Dunger for meg som ein svært moden artist, godt bevandra i ulike sjangrar og med solid kjennskap til store bitar av musikkhistoria. Here's My Song er i alle fall ikkje eit bevis på det motsatte.

Nicolai Dunger har dei siste åra oppnådd rimeleg stor popularitet i Amerika (alt er relativt), både blant publikum og større etablerte artistar. Hans forrige plate Tranquil Isolation (2003) blei til etter eit fruktbart samarbeid i studio med sjølvaste Will Oldham (Bonnie "Prince" Billy/Palace Brothers) som produksjonsmeister. Etter den utgjevinga har Dunger blant anna turnert i Statane med det ypperlige spaghetti-western bandet Calexico. På dette albumet er det nok ein gong klart for eit svensk-amerikansk samarbeid. Denne gangen får Dunger produksjonshjelp frå Jonathan Donahue, Grasshopper og Jeff Mercel, betre kjende som gruppa Mercury Rev. Det endelige resultatet er eit velsmurt stykke arbeid.

Here's My Song er på mange måter eit album av store kontrastar. Det svingar gjerne frå ei svært så lavmælt ballade, over til Springsteen-aktig stadion-rock, for så å avslutte i eit cinematisk landskap omsvøpt av drøymande harper, horn og strengarrangement. Ver merksam på at eg her både kan snakke om ein og same låt og albumet reint generelt. Her ligg også mykje av min fasinasjonen for Nicolai Dunger sin måte å utforme musikken på. Det er svært befriande å høyre ein artist som framvisar ein nærmast likegyldig haldning til dei strenge reglane og konvensjonane som kjenneteiknar standarisert popmusikk. I så måte er det enkelte artistar det kan være naturlig å samanligne han med. Roky Erickson er ein åpenbar referanse. Det samme er både Tim og Jeff Buckley samt fabelaktige Ed Harcourt.

Går vi litt meir detaljert til verks er det likevel enkelte låtar som skil seg ut. Vi har førstesingelen Hunger som er ein opprivande temposak i countryrock-land, akkompagnert av trompeter, piano og ei svært aktiv trommerytme. Vokalen, som er Dunger sitt fremste instrument, blir her vridd i alle mogelege retningar, frå den mørkaste whiskeyrøyst til den lysaste falsett. Dette er svært underholdande lytning. Andre framifrå bidrag er den behagelig sløye White Wild Horses som er så vakker at saknet av Jeff Buckley avtek ein smule. Pallen blir fullbyrda med den rolige/majestetiske låta Someone New der eg virkelig ser i poenget i dei utallige "den unge Van Morrison" referansane eg hadde lest på førehand.

Det er vanskelig å peike på nokon særlig svake låtar på albumet. Som eg nemde er det stor spennvidde i det reint musikalske uttrykket og der ligg mykje av sjarmen. For min eigen del kunne eg kanskje ønska meg fleire reine rockelåter i stil med Hunger, men tek så absolutt til takke med det eg får. Nicolai Dunger er ein kompromisslaus artist, og det skal vi vere takksame for. Til slutt må det påpeikast at Mercury Rev har klart å skape eit svært behagelig lydbilete. I eit så detaljrikt album som dette er ingenting henvist til reine tilfeldigheiter, sjølv ikkje det ustrukturerte kaos som kjenneteiknar enkelte av låtane.

Så enten du har ein forkjærleik for pompøs orkesterrock eller gripast av drømmande ballader har Here's My Song ein plass i di CD-samling. No er den heldigvis på plass i mi.

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


The Sea and Cake - Everybody

(Thrill Jockey)

Når værgudene svikter er det godt det fins band som The Sea And Cake.

Flere:

Songs: Ohia - Magnolia Electric Co.
Madrugada - Madrugada