cover

Greendale

Neil Young & Crazy Horse

CD (2003) - Reprise / Warner Music

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Americana / Singer/songwriter / Folkrock / Heartland rock

Spor:
Falling From Above
Double E
Devil's Sidewalk
Leave the Driving
Carmichael
Bandit
Grandpa's Interview
Bringin' Down Dinner
Sun Green
Be the Rain

Referanser:
Buffalo Springfield
The Band
Bob Dylan

Vis flere data

Se også:
Everybody Knows This Is Nowhere - Neil Young & Crazy Horse (1969)
Everybody Knows This Is Nowhere - Neil Young & Crazy Horse (1969)
Zuma - Neil Young & Crazy Horse (1975)
Zuma - Neil Young & Crazy Horse (1975)
Rust Never Sleeps - Neil Young & Crazy Horse (1979)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


Integritet

Dette blir berre enda eit kapittel i den evige historia om Neil Young.

Det er forteljaren Neil Young me møter i "Greendale". Me har møtt han tidlegare. Han har turnert snart heile den kjende vestlege verden med desse songane. På samme måte som han spelde låtane til "Rust never sleeps" for eit publikum som aldri hadde høyrt det han spelte før. Young fekk på mange måtar kritikk for sin ignoranse av dei same som ynskja at dei hadde vore til stades under dei nevnte "Rust"-innspelingane.

Nå kan ikkje dette målast med den tette og fokuserte innspellinga som "Rust never sleeps" er. Selv om "Greendale" på mange måter er den same Neil Young som me kjenner frå mellom anna den tida. Til dømes gjennom "Sleeps with angels", "Zuma" og ikkje minst "Rust never sleeps". Også på "Greendale" har den samfunnskritiske Young som funnet fram røysta si. Denne gongen er han fanga i ei blanding av Jon Fosse og David Lynch. Gjennom 10 songar fortel han oss historia om Familien Green som bur i Greendale, med gamle bestefar Green som den eldste, og vesle Sun Green som den yngste. Midt i mellom finn me Jed som drep ein politikonstabel. Og det er då den vesle tettstaden vert snudd på hovudet.

Svære mediabusser fylt til randen av journalister og fjernsynskamera dukker opp. Når det skjer eit drap i en by på størrelse med Ålesund, er det klart at det er ein svær sak. Det gjer det selvsagt ikkje noko mindre interessant at det er ein politikonstabel som er drepen. Lille Sun Green, som nett har skrive ei oppgåve om Alaska på skulen, vert freista til å nytja seg av mediemerksemda, og held sin eigen private demonstrasjon mot dei multikapitalistiske oljeselskapa; selskapa som pumpar ut ikkje berre olja, men grunnlaget for alt liv i Alaska. Historien og albumet sluttar med ei oppmoding frå Young om å redde verda. Som eit amerikansk svar på Kåre Willoch blir me fortald konsekvensane av langsiktig herjing med jorda vår. "Save the planet for another day" – me tek ein dag av gangen, så kan me kanskje snu denne øydeleggjende prosessen me heilt klart er inne i, er bodskapet til Blekkulf, eg meiner Young.

Musikalsk ligg "Greendale" i ein slags sushidippmiks av "Sleeps with Angels" og "Zuma," men utan den same sterke rekkja med låtar. Nokre skil seg klart ut positivt, både "Grandpa's interview", "Sun Green" og åpningslåta "Falling from above" er over middels av det me har høyrt fra Neil Youngs musikalske tryllestav dei siste åra. Til samanlikning er dette milevis frå det rimeleg svake "Are you passionate" frå i fjor. Avslutninga "Be the rain", og den rolege balladen "Bandit" er også med å holde oppe inntrykket av ein Young med, om ikkje anna, ei oppadstigande formkurve. "Sun Green" er kanskje den mest spanande av låtane, der produksjonen er frisk og nyskapande med lydeffektar som megafon, blokkfløyte, nyhetsjinglar og katteskrik. Og "Grandpa's interview" kan verte ein skikkeleg overaskelse for enkelte, av di han stel bassgangen frå den klassikaren "Sjå torsken", eller "Se torsken" som dei seier på austlandet.

Men eg klarar ikkje heilt å sjå at dette er noko annan enn eit pussig innfall frå Young si side, noko som han ikkje heilt klarar å ro i land. Og dessverre har han tydeligvis heller ikkje nokon til å fortelje han at dette ikkje heilt held seg flytande heile plata gjennom. Det er kanskje ein grunn til at Poncho ikkje er med på gitar. Han har jo vært den einaste i Crazy Horse som har prøvd å stoppe Young nokon gang. Men dette vert berre spekulasjoner frå mi side. "Greendale" er eit over middels Neil Young-album, som startar greit, men tek i løpet av de fire første spora i meir vatn enn oslofjords-tunnelen. Deretter tek det seg opp, før den litt tamme utgåva av "Be the rain" avslutter Neil Young-ballet for denne gang. Men han er sjølvsagt snart tilbake.

For dette blir berre enda eit kapittel i den evige historia om Neil Young, mannen som sikkert hadde sunget på nynorsk berre for å utforda og plaga lyttaren. Tenk å ha slik ein kunstnerisk integritet.

Denne anmeldelsen ble opprinnelig publisert på pstereo.no,
der den fikk karakteren 6/10

pstereo logo

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


St. Vincent - Actor

(4AD)

Det er ingen selvfølge at artister kommer så komplett utstyrt som dette, selv blant de beste utgivelser er Actor for en perle å regne.

Flere:

Salvatore - Tempo
When - Trippy Happy