cover

Light Flows the Putrid Dawn

Blackout Beach

CD (2004) - Soft Abuse

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Avantgarde / Folk / Eksperimentell / Improvisasjon

Spor:
If I Were Not Alexander, I Would Like to Be......
The Swineherd Sings and the Fountain Dwellers Grow Apart
Krull Courtship
The Putrid Dawn is Only For Us Baby
Fever of the Patriots
New Soft and Shimmering Motherhood Alliance
See: There is the Wisest Son of an All Wise Father
The Stuttered XXX Breeze XXX
The Painted Forest Screen Hides Its Witch
The Reticent Burglar's Den
The Transfiguration of BO-BRICK-IUS
Meadows and Pleasant Madames or Something of the Sort
The Hobo Who Learned to Eat Stone
The Quiet Merchant Gets His Song Too

Referanser:
Frog Eyes
Molasses
Tom Waits

Vis flere data

(2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7) (2 / 7)


Klaustrofobisk

Sære, sære greier frå ideologen bak Frog Eyes.

Bak namnet Blackout Beach tittar canadiske Carey Mercer fram. Mercer er den berykta sjefsideologen i det absurde cabaret/post-punkorkesteret Frog Eyes, eit band som leflar med mørke og frenetiske tivolitonar, Tom Waits-influerte rytmegangar, samt regelrett bæljing i eit støyinfisert lydlandskap. Det kan saktens vere litt av ei prøvelse for både gud og kvarmann. Når Frog Eyes har invitert til konsert på heimebane og i Junaiten, har det i følge skriblerier på nettet ofte resultert i at enkelte kjenner seg utsatt for ein dårleg spøk og går vantru ut av lokalet, medan dei resterande entusiastisk dansar på rekkverket og ropar på "more, more". Dette herlege synet har eg dessverre ikkje fått oppleve personleg, og av hittil fire utgjevne album er det i skrivande stund kun skiva The Golden River (2003) eg har gjort meg nokonlunde kjend med. Det er til gjengjeld ei meget vakker skive som anbefalast for den som er komfortabel med musikkstilen som er skissert ovanfor.

Men det er trass alt Blackout Beach dagens lille økt skal omhandle. For det første kan det vere verdt å nevne at dette er temmeleg sære greier; Light Flows the Putrid Dawn hører til laaangt der ute i Twillight Zone og er utvilsomt ein av desse kompliserte skivene du må "jobbe" litt for å forstå poenget med. Mekanisk, sørgeleg, urytmisk, lo-fi, det finnast mange brukbare begrep for å formidle det ein her høyrer, utan at dei nødvendigvis klarer å gi ei 100% riktig skildring. Det framvisast uansett ei total likgyldigheit til standariserte melodistrukturar. Her er få opplagte skilje mellom vers og refreng, og kjem vi så langt at ein melodi er i ferd med å openbare seg, sluttar heller låten kaldt og uventa av, framfor å bli teken opp på nye nivå. Kva kan ein forvente av eit album der flesteparten av låtane så vidt strekk seg over halvanna minutt (enkelte klokkar inn på ca 0.50) i lengde, og der den totale speletid på 14 spor er litt over 24 minutter?

Klaustrofobiske If I were Not Alexander, I Would Like to Be....., (ein av mange korte musikksnuttar med lange navn) opnar ballet med stakkato pling-plong svømmande i eit hav av delay, akkompagnert med eit einsamt munnspel, små cymbalslag og den hese og vibrerande synginga til Carey Mercer. Tekstuniverset som blir oppteikna skjønnar eg ingenting av, og eg vil nødig legge ut på ei litterær reise for å komme fram med moglege tolkningar. Vokalen antydar likevel ganske alvorlege tema, særleg når "Howling" Mercer startar med operatiske hyl og skrik, noko som blir eit kjenneteikn både her og mange andre plassar på skiva. Enkelte gongar kan det høyrast litt parodisk ut, andre gangar synast den utført under ei svært alvorstynga sinnstemning. Dei som har høyrt Frog Eyes før kan nikke attkjennande til denne eksentrisiteten, men sjeldan har vel hylinga tatt slik ein desperat og skummel form.

Stemninga blir meir og meir trykkande vidare utover på skiva; det kjennast som eg har forflytta meg til ein produksjonshall der arbeidarane slår, smeltar og kastar hardt metall omkring. Veldig urytmisk, men samtidig skremmande monotont. Taket reiser seg ikkje akkurat i entusiasme når vi spor for spor seglar mot ukjent, men akk så innadvendt farvatn. Er du villeg til å ta ein dukkert i det dunkle låtmaterialet må du for all del gjere det, men for meg lid låtane under mangelen på (ei form for) struktur og retning, i tillegg til å drukne i ein god posjon unødig støy.

Light Flows the Putrid Dawn er utgjeven på den for meg ukjente labelen Soft Abuse, eit navn som forøvrig skildrar mitt forhold til albumet ganske så bra. I mindre doser kunne eg kanskje oppfatta dette som potensiellt spennande musikk, men det heilheitlege produktet (der 24 minutt faktisk verkar meir som ein time) blir av meg møtt med eit rungande "Nei takk".

Mercer er sjølv ansvarleg for all instrumentering og det kan virke som han ideologisk sett ynskjer å renske musikken for alle lydar eit generelt publikum vil oppfatte som naturleg vakre. Taktikken blir då å fjerne seg frå den opprinnelege lydkilda gjennom hist og pist tilføre store mengder klang, reverb eller ekko og samtidig redusere tempoet på rytmeseksjonen i etterkant av innspelinga. Den noko spesielle vokalframføringa, som kanskje er det mest tiltalande aspektet ved albumet, klarer heller ikkje forandre mi oppfatning av skiva som ei særdeles kjedeleg og unødig tidtrøyte. Men for å vere litt rimeleg kan Mercer sjølv få siste ord i denne anmeldelsen:

"I was a singer when I sang in your home..."
(The Putrid Dawn is Only For Us Baby)

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Lemmus Lemmus - Lemmus Lemmus

(Naked Lemming)

Gjør deg klar for en unik opplevelse: Ti spor som kommer til å ta deg med til merkelige steder der få mennesker har vært på mange år!

Flere:

Robyn - Body Talk Pt. 1
Foster The People - Torches