cover

Hvarf/Heim

Sigur Rós

2 x CD (2007) - EMI Virgin / EMI Virgin

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Lengtande tonar

Sigur Ros er attende med ei plate fylt til randen av lengtande, såre og overdådige tonar der sakn og vonbrot verkar å stå i sentrum.

Islandske Sigur Ros er kanskje det mest særeigne av alle større band me har no til dags. Dei syng på islandsk, somme tider på sitt eige oppdikta språk, likevel greier dei å trenge gjennom i den anglosaksiske musikkverda på eit imponerande vis. Kva kan nøkkelen til det vere?

Slik eg ser det er svaret den til tider nesten grenselause originaliteten dei legg for dagen i musikken sin. Der folk som Radiohead av og til blir forutsigbare i krumspringa sine legg desse islendingane inn ting ein ikkje ventar på dei mest bisarre plassar. Som til dømes lange instrumentale og mektige løp som går i mangfoldige minuttar eller at dei legg det heile ned der ein ventar seg ein grand finale. På toppen finn me alltid falsetten til vokalist Birgisson, og utan at eg skal påberope meg noko doktorgrad i islandsk språk så verkar det som om han alltid syng utydeleg nok til at det ikkje gjer noko om språket er islandsk eller ikkje.

På Hvarf/Heim har dei gjort noko uventa nok ein gong. Dette er ei slags blanding av ein "very best of Sigur Ros" og ei samling uutgitte "raritetar" spela inn på ny og utgjevne i to bolkar, som to sjølvstendige verk slått saman til eit magnum epos. Forstå det den som kan, det viktige er likevel at detta funkar som ei kanonkule. Den fyrste plata, Hvarf, inneheld fem elektriske opptak der dei fleste er tidlegare uutgjevne spor. Salka slår an tonen i det som blir eit progressivt og mektig stykke nordisk musikk.

Underteikna meldar skjønnar diverre ikkje islandsk, men bileta eg får på netthinna i denne elektriske utblåsinga er tragiske lagnader og menneske som skrik ut sitt vonbrot. Musikken er i det heile særs cinematisk og ein kan formeleg sjå for seg eit episk drama utspele seg i eit grandiost og islandsk landskap når ein lyttar til Hvarf.

Hljómalind, det andre sporet, er kanskje det mest imponerande enkeltståande musikkverket eg har kome over i heile år. Det må berre høyrast i all si rå prakt.

Hvarf har nok element i seg til å ha vore eit kjempeflott enkeltståande album, og berre for å ha sagt det med ein gong, det er den beste delen av dette dobbeltalbumet. Hovudgrunnen til dette er at Heim, som del to sjarmerande nok er blitt titulert, utelukkande består av songar tilgjengelege på tidlegare utgjevingar. Skilnaden er at dei her framstår i nye, akustiske tapningar. Såleis kan dette skildrast som "Sigur Ros Unplugged". Og bevare meg vel, dette er vakre songar og flotte versjonar. Men, noko av nerva som er så til stades i den elektriske utgåva av bandet forsvinn med dette eksperimentet. Hadde derimot denne delen vore eit enkelt album hadde nok Sigur Ros atter ein gong blitt rost opp i skyene for å gå nye vegar, og det hadde vore fortent. "Bakdelen" er at Hvarf overskuggar Heim i sin intensitet og soleis blir sistnemnde ein liten nedtur. Difor vil eg anbefale nye lyarar å sjå på Hvarf/Heim som to separate utgjevingar når dei går til anskaffing av denne. La det gjerne gå litt tid mellom når du lyttar til platene. På denne måten trur eg ein fullt ut kan sjå på denne utgjevinga med friske augo.

Sigur Ros skal berømmast for å ha laga eit originalt samlealbum, som klarar kunsten å vere innovativt både i form og uttrykk og samstundes leverer tidlaus, klassisk musikk med sjarm og eleganse. Det kan ikkje vere nokon tvil om at dette er ein av dei sterkaste utgjevingane me har fått i året som no går mot slutten.

comments powered by Disqus

 



Marius
2008-06-07Stor musikk av stort band

Enig i at dette er prima vare. Det er vanskelig å bruke ord for å beskrive denne musikken, men de ligger nærme andre indie-favoritter som engelske Radiohead, amerikanske Death Cab for Cutie m. andre.

Men i bunn og grunn er det orginaliteten og ikke låtene som imponerer hos seiers rosa. Det fins en ro og refleksjon i de aller fleste sporene som for meg virger beroligende. Selv i_gaer har sine meditative øyeblikk innimellom de tunge gitarene.

Dette er gutter med bena plantet solid i islandsk stoiskhet. Men en befriende og bejagende trang til utforsking bringer denne kvartetten milevis utenfor andre skandinaviske likesåtter. For meg er dette 10/10!

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo