cover

Catch-Flame: Live at The Alexandra Palace

Paul Weller

2 x CD (2006) - V2 / Bonnier Amigo

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Britpop

Spor:
The Weaver
Out of the Sinking
Blink & You'll Miss it
Paper Smile
Peacock Suit
From the Floor boards Up
The Changingman
Savages
Going Places
Up in Suze's Room
Porcelain Gods/I Walk on Gilded Splinters


In the Crowd
Come on/Let's Go
Foot of the Mountain
You Do Something to Me
Wishing on a Star
Wild Wood
The Pebble & The Boy
That's Entertainment
Broken Stones
Long Hot Summer
Shout to the Top
A Town Called Malice

Referanser:
The Jam
Style Council
The Who
The Kinks
The Beatles
Oasis
Ocean Colour Scene

Vis flere data

Se også:
Illumination - Paul Weller (2002)
Studio 150 - Paul Weller (2004)
Wake Up the Nation - Paul Weller (2010)

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Lenge Leve Weller!

Ein maktdemonstrasjon frå første til siste tone. Det er sjeldan livealbum leverer så godt som dette gjer. Ein moderne klassiker.

Paul Weller er ei levande legende. Mannen har spydd ut hits sidan seint på 70-talet, og har i dag ein posisjon i England som er ganske unik. Noko av det som er særleg imponerande er den enorme breidda i produksjonen hans, frå erkebritisk pop-punk med The Jam på 70- og 80-talet, via popjazz med The Style Council, til dagens blanding av rock og soul som han har forfekta sidan han byrja å gi ut soloskiver på 90-talet. Skal ein oppsummere britisk populærmusikk dei siste 40 åra kjem ein ikkje utanom Paul Weller. Det er nok å nemne titlar som The Eton Rifles, Start!, Going Underground, A Town Called Malice, Shout to the Top, Wild Wood og The Changingman så skjønnar alle kva denne mannen har betydd for moderne engelsk rock og pop.

Men til saken. Catch Flame er ei dobbel liveplate frå Alexandra Palace i London, der Paul Weller og musikarane heldt ein fantastisk konsert den 5. desember 2005. Som vanleg har han med seg sine faste kumpanar Steve Cradock, Damon Minchella og Steve White, og det er tydeleg at dei alle er kjempinspirerte og spelesugne denne kvelden. Førstesporet The Weaver sparkar lyttaren i magen og set verkeleg standarden for ein opptur av dimensjonar. Undertegna anmeldar tok seg fleire gonger i å danse bortetter golvet i staden for å sitte og lytte konsentrert for å gi ei sakleg vurdering av fonogrammet.

Disc 1 er ein rockefest det verkeleg står respekt av. Paul Weller lirer av seg den eine klassiske rockelåta etter den andre. Så mykje eg enn har høyrd etter, så er det ikkje antydning til noko daudkjøtt på denne delen av albumet. Det er sjeldan at ein ikkje finn svakheiter ved liveplater, men dette er etter mi meining den beste liveplata eg har høyrd på denne sida av 90-talet. Når bandet dreg til med Peacock Suit, The Changingman og From the Floorboards Up er det så håra reiser seg i ekstase på kroppen. Steve Craddock frå Ocean Colour Scene er den som verkeleg er med på å løfte denne frå det gode til det fantastiske. Han bidreg med fantastisk gitarspel og uendeleg vakker koring, spesielt på låta Savages der han verkeleg viser seg fram som ein god korist.

Disc 2 er ei meir roleg affære enn den første plata. Ein tek ting litt ned, og der ein nytta elektriske gitarar på Disc 1, nyttar ein no meir akustiske instrument. Platas absolutte høgdepunkt finn me her, på andresporet Come on/Let's Go. Det er ein prestasjon, i og med at dette er Weller ferskaste singel før dette livealbumet. Det er som regel dei gamle klassikarane som verkeleg tek av, men her viser Weller for alvor at han er på ein veldig inspirert og kreativ stad i karriera si nett no.
Mannen blir snart 50 år gamal, men han høyrer meir ut som ein spelesugen ung mann i midten av tjugeåra, og det kan ein ikkje seie om mange av dei andre levande legendene som dei britiske øyane har å oppdrive. Det er ingen tvil om at det kjem meir vellyd frå denne kanten.

Når det gjeld låtutvalet på produksjonen så er det hovudsakleg Weller si solokarriere songane er henta frå. Men han ser seg også attende og tek med klassikarane That's Entertainment og A Town Called Malice frå The Jam, og Shout to The Top frå The Style Council. Desse er med på å setje ein ekstra spiss på albumet, særleg Shout to The Top som blir meir organisk og drivande i liveversjonen enn kva som er tilfellet på Style Councils albumversjon. Mange vil nok undre seg over kvifor ein mann med så mange hitar på samvitet, særleg frå tida med The Jam, ikkje inkluderer desse på eit livealbum.

Songar som Going Underground, The Eton Rifles, The Bitterest Pill, Start! og seinare solohitar som He's the Keeper og It's Written in the Stars er alle utelatne. Dette er, etter mi meining, ei stor styrke med Paul Weller generelt og denne plata spesielt. Han ser seg ikkje attende, men vil heile tida finne på nye ting og ikkje flyte på gamle merittar slik som mange av hans samtidige må seiast å gjere. Det er kanskje difor Paul Weller framleis er ei leiande stemme i britisk populærmusikk.

Til slutt, nokre få ord om det produksjonen. Dette er noko av den beste produseringa og miksinga eg har høyrt på eit livealbum nokonsinne. Det er flott balansert, lydbildet er klart og ein føler rett og slett at ein er på konserten. Charles Rees har gjort eit dugeleg flott handverk på denne sida. Musikken kjem verkeleg til sin rett og let spontan og live, samstundes som er det behageleg å lene seg attende og berre nyte.

Så hvis du vil finne ut kvifor Paul Weller har den posisjonen han har, skaff deg Catch Flame og bli med på eit introduskjonskurs i klassisk, britisk låtskrivarkunst. Dette er, utan tvil, eit av dei sikraste kjøpa du som er glad i britpop kan gjere i år, for betre enn dette blir det berre ikkje. Catch Flame er det nye årtusenets første klassiske livealbum.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


St. Vincent - Actor

(4AD)

Det er ingen selvfølge at artister kommer så komplett utstyrt som dette, selv blant de beste utgivelser er Actor for en perle å regne.

Flere:

Loscil - Triple Point
Magnolia Electric Co. - Trials & Errors