cover

El Goodo

El Goodo

CD (2006) - Empyrean / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Britpop / Psykedelia / Poprock

Spor:
Life Station
Surreal Morning
If I Were a Song
I Saw Nothing
Honey
What Went Wrong? (or: How I Learnt to Stop Worrying and Love the Bomb)
Esperanto Video
Chalking the Lines
Here it comes
Stuck in the 60's
Silly Thoughts
If You Come Back
I Tried But I Failed

Referanser:
Super Furry Animals
Catatonia
Stereophonics
Oasis
Blur
Coldplay
The La's
Echo & the Bunnymen
The Yardbirds
Slade
The Kinks
The Beatles

Vis flere data

(6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7) (6 / 7)


Knallgod debut

Noko av det flottaste og friskaste eg har høyrd frå Wales på lenge.

Når ein vel eit bandnavn som El Goodo legg ein lista lovleg høgt når platemeldarane skal seie sitt. Ein ber vel regelrett om å bli jekka ned nokre gode hakk. Det skal imidlertid ikkje eg gjere, for dette er noko av det flottaste og friskaste eg har høyrd frå Wales på lenge.

Dette er britisk psykedelia så god som nokon og sender ein sommarleg bris innover denne frostbitne skribent. Denne sjølvtitulerte tittelplata er rett og slett ei partyplate av rang og burde vere å finne i dei fleste av britpopnostalgikarane sine hyller.

Her finn du alt du vil ha, flotte erkebritiske tekstbetraktningar putta inn i flotte vokalharmoniar og gitarøs midt mellom Beach Boys, Beatles, Oasis og Super Furry Animals. Eit av spora, Stuck in the 60's burde eigentleg ha vore tittelen her, for det er derfrå mesteparten av inspirasjonen er henta.

Det er kanskje den største ulempen med skiva. Det blir litt for lite originalt. Ein høyrer lett at det er mykje klipp og lim, og regelrett steling og resirkulering av gamle idear her og der. Men det funkar overraskande bra. Ein høyrer Ray Davies, Paul McCartney og Syd Barrett i mellom linjene og dei fleste vil seie seg samde i at det finst verre folk å stele frå enn desse gamle meistarane.

Eit anna overraskande og meir gledeleg moment ved el Goodoo er produksjonen. Vanlegvis når band vel å produsere plata sjølve, slik som El Goodo har gjort, har det ein tendens til å bli høyrande litt vel grumsete og sjølvgodt ut. Heldigvis har ikkje bandet gått i fella med å gå seg totalt ville i sitt eige låtmateriale. Det er ein luftig og lett og ikkje minst behageleg 60-talsaktig sound dei har lagt seg til. Det meste som skjer i lydbiletet føles dessutan varmt og analogt, sjølv om det finst utruleg mykje digitale krumspring hjå dette bandet.

El Goodo skal ha ros for å vere eminente produsentar. Skal ein kome med litt siste ros til desse utruleg lovande karane så må det vere at det er gledeleg at me får musikk som renn over av entusiasme og speleglede. Mykje av musikken frå Britannia dei siste åra, sjølv om den har vore veldig god, har blitt fronta av "deppeband" som Coldplay, Keane, Snow Patrol og Muse for å nemne ei handfull døme. El Goodo klarar å skape god stemning og ha eit glimt i auga og ikkje vere så sjølvhøgtidelege som dei ovanfornemnde banda. Det skal dei ha usigeleg ros for.

Er det noko ein treng meir av i dagens musikkbransje, kanskje spesielt frå dei britiske øyar, så er det band som evnar å lage gripande musikk utan å forsvinne opp sin eigen bakende i sjølvhøgtidelegheit.

Well done, El Goodo!

comments powered by Disqus

 



Artikler, nyheter


Ekstranummer #63: Nostalgi i slengbuksas tidsalder: Den norske retrobølgen på 70-tallet, del 7

Krigstegneserier ble lest av gammel og ung og holdt minnet om andre verdenskrig friskt. Superheltene fristet derimot magrere kår i Norge. Ble de for futuristiske og teknologioptimistiske for tidas tilbakeskuende klima?

Podium

Hovedsiden / Siste:

MUSIKERE SØKES TIL POP-ROCK ...
29.08.14 - 10:51

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:50

Øvingslokalet ønskes i Oslo....
26.06.14 - 23:25

> Registrer deg som forumbruker her.

Feedback


Jeg Vil Hjem Til Menneskene - Susanna Wallumrød
Konservativ?
(05.04.11)

Memories Of A Lifetime - Ole G. Nilssen
En fantastisk CD. Blir aldri lei av denne musikken!
(03.04.11)

The Agent That Shapes The Desert - Virus
Heilt ueinig
(29.03.11)

Groovissimo


Ought - More Than Any Other Day

(Constellation)

I avdelinga postpunk med noko attåt serverer Ought eit særs overtydande tilskot.

Tidligere: