cover

Infiniheart

Chad VanGaalen

CD (2004) - Sub Pop / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Rock

Stiler:
Folk / Singer/songwriter / Lo-fi / Indierock

Spor:
Clinically Dead
After the Afterlife
Kill Me in My Sleep
J.C.'s Head on the Cross
Somewhere I Know There Is Nothing
Blood Machine
Echo Train
Build a Home Like a Bee
I Miss You Like I Miss You
Red Blood
1000 Pound Eyelids
The Warp Zone/Hidden Bridge
Chronograph #1
Sunshine Snare Hits
Liquid + Light
Traffic

Referanser:
Neil Young
The Flaming Lips
Modest Mouse
Grandaddy
Iron & Wine
M. Ward

Vis flere data

Se også:
Skelliconnection - Chad VanGaalen (2006)
Diaper Island - Chad VanGaalen (2011)

(5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7) (5 / 7)


O Canada! in praise of thee, we sing

Ein canadisk multikunstnar tilbyr rikeleg med musikalsk føde. I starten smakar det meste godt, men desserten kan bli litt overflødig.

Calgary-baserte Chad VanGaalen er multi-instrumentalist, handy-man og scifi-fan som føretrekk tung hip-hop, leiken frijazz og dampande elektronika på øyret. Litt pussig difor at storparten av debutskiva Infiniheart består av nedtona folklåtar som verken inspirerar til crowdsurfing, frenetisk fingerknipsing og vrengte ansiktsuttrykk eller svette aktivitetar på dansegolvet. Konsentrerte lyttingar syner likevel at artisten ofte let sine inspirasjonskjelder sette sitt vesle preg på materialet hans.

Chad VanGaalen har rundt 30 bursdagar på baken og materialet som blir presentert her er ikkje av heilt ny dato. Med unntak av Red Blood og Traffic, samt ein oppdatert rocke-versjon av Clinically Dead, blei desse låtane komponert og innspelt på det kombinerte soverommet/studioet til Chad mellom 2001-2003. Visstnok var kreativiteten så stor at hundrevis av låtar blei festa på tape i denne perioda (guten må bokstaveleg talt ha låst seg inne). Det møysomlege ansvaret med å skilje klinten frå hveten må ha vert hard, men plenty med musikk har det altså blitt. Vi rundar nesten timen når siste spor seglar inn til kai.

Til tross for alle negative fordommar ein måtte ha til stempelet soveroms-artist, (ubehageleg lo-fi, sprukne gitarlydar, sur vokal etc.) er det vanskeleg å ikkje la seg sjarmere her. Lystig kosepop er det dog ikkje. Med si lyse, skjelvande, Neil Young-aktige røyst, som stundom svingar over i deilig falsetto, malar Vangaalen fram surrealistiske portrett frå eit framtidig samfunn der maskiner har teke over kontrollen og befolkninga lev i konstant frykt for å bli tilintetgjort. Desibelmålaren sprengast ikkje når Chad klunkar fram sine triste betraktningar på låtar som Chronograph #1 og 1000 Pound Eyelids, ei heller når gitarkaskadane byggjer seg stramt opp under singelen Clinically Dead. Men likevel engasjerar låtane i stor grad hovedsakeleg grunna tre ting; dei gode tekstane, den såre vokalen og den utsøkte instrumenteringa.

Sjølv om ein i utgongspunktet må kunne katalogisere han som ein folk-artist, synar kompleksiteten i låtane ein canadier som ikkje gjeng av vegen for å hente inspirasjon frå andre områder enn den reine og tradisjonelle visemusikken. Riktignok er det hovedsakeleg gitarbasert musikk vi får servert, men lydbiletet hadde ikkje vore like behageleg utan alle forunderlege tilføyingane vi møter på vegen. Her høyrer vi elektroniske beats i lekkert passiar med nensam fingerplukking på gitaren (The Warp Zone / Hidden Bridge, Kill Me In My Sleep ) - her er barnesamtalar i kompaniskap med oppjazza passasjer (J.C.'s Head on the Cross). Meir umiddelbart fengande viser som After the Afterlife og Somewhere I Know There Is Nothing avsluttast med lange draumande seksjonar der Chad leikar seg med blåserekkjer, lekre fløyter og diverse skrudde lydkjelder eg ikkje heilt maktar å sette namn på. Mitt sparsommeleg cover får karakter 0 i informasjonsverdi, men på veven kan vi lese at Chad sjølv trakterar 13 tradisjonelle instrument på skiva i tillegg til "a bunch of others"- dippeduttar han visstnok sjølv snekra i hop på sløyden heime i Calgary.

Det er likevel ikkje alt her som fortjenar ein pose skryt. Moderasjon kan i mange tilfeller vere ein klok ting og mi fremste innvending går på at Infinheart kunne trengt ein time med kosmetisk trimming for å strekke seg ut i full blomst. Periodevis (hovedsakeleg på siste halvdel av skiva) vandrar vi inn i meir anonyme dalstrøk og bidrag som Build a Home Like a Bee, 1000 Pound Eyelids og Liquid + Light blir for tafatte med sin slentrande stil og døsige arrangement

Som debutplate er dette uansett sterke saker. Ikkje nødvendigvis umiddelbart fengande for alle øyrer, men tek du ein grundig tur under overflata vil du nok sette pris på den deilige konfekten som vankar.

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


No Age - Everything In Between

(Sub Pop)

No Age er fremdeles No Age, de er bare blitt enda bedre.

Flere:

Pinetop Seven - The Night's Bloom
Songs: Ohia - Magnolia Electric Co.