cover

The Boy Who Couldn't Stop Dreaming

Club 8

CD (2007) - Labrador / Tuba

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Pop

Stiler:
Indiepop / Twee-pop / Kammerpop

Spor:
Jesus, Walk With Me
Whatever You Want
Football Kids
Hopes and Dreams
Everything Goes
Heaven
When I Come Around
Leave the North
In the Morning
Sometimes
Where The Birds Don't Fly
The Boy Who Couldn't Stop Dreaming

Referanser:
Kings of Convenience
Belle & Sebastian
Savoy
Ephemera
Feist
A Camp
Mew
Múm
Röyksopp
The Cranberries
Bel Canto

Vis flere data

(4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7) (4 / 7)


Lommetjuvar frå Sverige

Kings of Convenience møter Belle & Sebastian og resultatet blir slettes ikkje ueffent.

Club 8 er på veg bort frå eurodiscoen og mot store høgder på si sjette utgjeving. Men enno er det ein jobb å gjere.

Det første som slår lyaren når ein set seg ned med denne utgjevinga er at dette har me jammen høyrd før, gitt!

Det er ingen tvil om at Club 8 har brukt dei fire åra sidan forrige plate til å sjå seg om i musikkverda og bruke tida godt til å lage ein slags eigen vri av det dei har fått med seg. Her høyrer me klare referansar til både nordiske og meir internasjonale artistar. Kings of Convenience og Belle & Sebastian er dei mest slåande døma musikalsk sett, pakka inn i eit typisk melankolsk og nordisk lydbilete.

Eit anna særs vinnande trekk ved plata er Karolina Komstedt si særeigne stemme. Skal ein samanlikne ho med nokon må det bli som ei slags kryssing av Leslie Feist, Dolores O' Riordan og Anneli Drecker. Ho er med andre ord i eigedom av ei særs vakker stemmeprakt som er med på å løfte plata og gi ho eit særpreg trass alle tjuveria som låtskrivar Johan Angergård tillet seg.

Ein kan ikkje seie at Club 8 har gjort særleg merknad på den norske marknaden, og det ein stort sett forbind dei med er den noko trøytsame eurodiscolåta Missing You frå 1998. Det er difor gledeleg å melde at store ting har skjedd i leiren sidan den tid. The Boy Who Couldn't Stop Dreaming er uhyre lekkert produsert. Musikken flyt avstad, smakfullt arrangert og med ei sparsam instrumentering som kler musikken veldig godt. Angergård skal ha skryt for å ha gjort ein særs god jobb på dette feltet. Det er ei fryd å låne øyraet til dette.

Det store høgdepunktet på plata kjem allereie på spor nummer to: Whatever You Want er ein lettbeint liten rakkar av ei poplåt med gitar og keyboards som dei sentrale instrumenta og er noko av det mest catchy eg har høyrd så langt i år. Songen startar med ein allsongvenleg nynning som grip fatt i deg og ikkje slepp taket på timesvis. Det er merkeleg at Petre, Kanal 24 eller P4 ikkje har denne på høg rotasjon, for denne songen har crossover-potensial til å appellere både til dei hippaste kidsa og vaksenpopsegmentet.

Av andre songar som det verkeleg sprutar av nemner eg Football Kids, When I Come Around og In the Morning. Alle er dei spor som hadde fortent å bli mainstream hits som hadde kome ut i alle kanalar og blitt massive. På den andre sida, det er koseleg med artistar som kan vere ein liten løyndom og glede dei få som verkeleg får augo opp for dei.

Tre viktige moment er med på å gjere karakteren ein smule svakare enn ein potensialet tilseier. Som me allereie har sagt ovanfor så er Johan Angergård ein låtskrivar som stell som ein ravn. Det kan vere vel og bra. Ein kan gøyme seg bak påstanden om at musikken blir ein slags hommage til liknande artistar. Eg tvilar derimot på at det er dette som er tilfellet her. Det verkar litt for opplagt at det er visse artistar som Club 8 freistar å likne på einskildspor, og det gjer det litt frustrerande for dei av oss som er kritiske lyarar. Dette er likevel bagatellar i den store samanhengen.

Det som er verre er dei litt håplause tekstane. Her finn me naudrim en masse og strofer som kling merkeleg og litt lettvinte. Am I ok here? I think you ought to know this, another day, not unlike any other, it's been like this for so long syng dei til dømes på Whatever You Want. Det er vanskeleg å kalle bandet store lyrikarar, og det er å håpe at dei skjerpar litt inn på dette og tenker meir i gjennom dette momentet på komande utgjevingar.

Sist, men ikkje minst, måten albumet er sortert på, altså sequencinga, er litt slapp. Det største høgdepunktet kjem som nummer to. Ein får difor ikkje noko stigning og ein klassisk topp midt i albumet, men berre sporadiske krusningar innimellom, før ein roar seg ned. No skal det seiast at det kanskje ikkje vil vere eit stort argument i den store samanhengen sidan låtmaterialet er relativt sterkt, men underteikna beit seg i alle høve merke dette som ein litt negativ tendens på albumet.

Konklusjonen blir likevel at The Boy Who Couldn't Stop Dreaming er ei flott og triveleg plate som vil gjere haustkveldane litt ljosare og vere med deg lenge dersom du tek deg tid til å lytte og kome inn i songane. Bandet kan vere stolte av å ha levert ei plate av god kvalitet.

comments powered by Disqus

 

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo


Björk - Greatest Hits

(One Little Indian)

Björk slår et heftig slag for fred, frihet, demokrati, omsorg og nytelse.

Flere:

El Guincho - Alegranza!
Dan Sartain - Dan Sartain vs. The Serpientes