cover

Live

Helge Lien Trio

CD (2005) - Curling Legs / Musikkoperatørene

Kjøp fra: CDON | iTunes | Amazon MP3

Genre:
Jazz

Stiler:
Akustisk jazz / Improvisasjon

Spor:
Putte
En Ganske Liten Runding
Men, er det Jazz
Spiral Circle
De Små Bjørnene
Take Five
Nav og Natt

Referanser:
Keith Jarrett
Brad Mehldau

Vis flere data

(7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7) (7 / 7)


Pur lukke

Suveren live-plate av Noregs beste pianotrio.

Helge Lien Trio består ikkje av kven som helst. Me snakkar om nokon av dei finaste musikarane i det ganske land foruten mr. Lien; Frode Berg og Knut Aalefjær. Og når Lien finn fram sin magiske komposisjonspenn, og får med sine kompanjongar i estetisk og suverent samspel, kan ein ikkje anna enn å gje seg ende over.

Alle låtane er signert Lien sett vekk frå standardlåten Take Five (Paul Desmond). Det opnar roleg med Putte, som er ein roleg ballade med kyrkjeleg preg. Dei som har høyrt Anders Widmark-plata Pslamer, skjønar kva eg snakkar om. Medan Lien utforskar melodien i ulike variasjonar, viser Aalefjær kvifor mange vil ha nettopp han på si topp-tre-liste over norske perkusjonistar/trommisar.

Sofistikert og nyansert rytmisering bygger låta opp til Frode Berg kjem inn med eit suggererande bassriff i ei småskeiv femtakt. Og alt medan pianoet held fram med sin melodi og tematikk. Det heile vert bygd opp og ned igjen til alt går over til En Ganske Liten Runding. Her skal produksjonen ha applaus for umerkeleg inngripen. Putte og En Ganske Liten Runding er høvevis spelt inn i Lillehammer og Bergen, men det merkar ein ikkje om ein ikkje les litt i booklet'en og sit og nistirrar på displayet på CD-spelaren.

Om tittelen samsvarar med det ein høyrer får vere ein smakssak, men stikkordet er moderne triojazz med musikalsk autoritet og personleg preg. Eg for min del sit igjen med Brad Mehldau i tankane og ei overbevising om at dette er pokker så bra! At trioen har haldt saman i snart seks år høyrer ein godt. Lien og Berg trivs utmerka som sparringspartnarar og kastar idear til kvarandre og flyt rundt i Aalefjær, den personifiserte eter.

Neste spor er for meg ein maktdemonstrasjon på kva tre musikarar kan utvise av samspel på 2:40 minutt. Stort!! Spiral Circle, som opna plata Asymmetrics (2003) tek plata ned igjen til det salmeaktige ein høyrer hjå gospelaren Tord Gustavsen, men langt spenstigare og saftigare. No når Gustavsen har overlatt pianokrakken til Lien i Silje Nergård Band skal det bli spanande å høyre kva som skjer.

I De Små Bjørnene får Berg vist fram sitt berykta driv. Eit studie i time og groove. Me får også den første spontanapplausen frå publikum etter samspel mellom piano og trommer. Den same begeistringa høyrer me når dei første kjenner igjen det første blueslicket frå Take Five. Og det etter at Aalefjær har spelt seg inn i trommenes Hall of Fame. Berg får også briljert med omtrent alt ein kan gjere på ein kontrabass, og eg kjem ikkje unna å tenke at no har Take Five blitt gjort ein gong for alle.

Nav og Natt rundar av 50 minutt med vellyst og glød, og eit håp om at denne trioen ikkje vil vere framand med den norske jazzscena i tida som kjem.

comments powered by Disqus

 



Meir nynorsk i skulen!
2006-08-15Korrektur:

Det heiter nokre, ikkje nokon, når ein snakkar om fleire musikarar.

Siste anmeldelser

Artikler, nyheter


Pink Floyd: 1967-1977

Denne artikkelen er en kort gjennomgang av Pink Floyds mest sentrale verker perioden 1967-1977, deres viktigste periode.

Groovissimo